Velkomen til heimesida til Sykkylven sogenemnd. 

Gjennom denne sida ønskjer vi å gje inspirasjon og kunnskap til alle som vil bli nærare kjent med Sykkylven i nær eller fjern fortid. Vi vonar at du vil finne noko av interesse her anten du først og fremst er interessert i å finne informasjon om eiga slekt, eller om du søkjer generell informasjon om utviklinga av sykkylvssamfunnet. Sykkylven sogenemnd har opp gjenom åra gjeve ut ei rekkje publikasjonar om lokal historie. Nokre av bøkene er utselde og dei vil du finne her på sida vår. 

På sida her finn du link til nettportalen www.lokalhistoriewiki.no. Det er Norsk lokalhistorisk institutt som står bak denne portalen, og her kan alle lokalhistorisk interesserte personar i Noreg leggje ut artiklar om personar, bedrifter, organisasjonar, hendingar m.v. som dei kjenner til. Dette er ein lokalhistorisk dugnad som har resultert i mange tusen artiklar frå heile landet. Sykkylven sogenemnd er med på dugnaden. Vi har oppretta Sykkylven leksikon der vi legg ut artiklar om smått og stort vedkomande Sykkylven i fortid og samtid. Vi vil gjerne ha med deg i dugnadslaget. Send til oss artiklar om lokale tema som opptek deg, eller registrer deg som brukar og legg artiklane inn sjølv.

Hugs å nytte kategorien «Sykkylven leksikon» på lokalhistoriske artiklar frå denne kommunen.

Eldar Høidal

Tinging av bøker

Vi minner om at du kan tinge bøker frå Sykkylven sogenemnd uansett kvar i landet du bor. Du bestiller via dette skjemaet. Fyll inn namn og adresse så sender vi til deg. Betaling kan anten skje med Vipps eller med vedlagte faktura. Skriv gjerne også ønska betalingsmåte på bestillinga.

Digitaliserte notehefte

Folkemusikkarkivet har digitalisert notehefta til Sykkylven sogenemnd.

Følg denne linken for å kome direkte til nettsida: http://db.ikamr.no/Folkemusikkarkivet-for-Moere-og-Romsdal/Notehefter

Start 9

Bonanza Gold og Skule Severin

Arild Solberg har laga to nye nettstadar. Den eine omhandlar sunnmørske gullgravarar i Klondyke-området i Yokon, Canada på slutten av 1800-talet. I sentrum for forteljinga står Andreas Framhus Solberg som slo leir over verdas rikaste gull-felt i Yukon.

Den andre nettstaden handlar om Skule-Severin som var lærar i Velledalen. Etter han finst det skuleprotokollar for perioden 1875 til 1900.

Intervju frå jubileumsframsyninga til Sykkylven Energi på kulturhuset 14.10. 2018

Sykkylven Energi runda i år 100 år som energileverandør i bygda. I dette høvet blei Per Arne Aursnes og Runar Tandstad intervjua av Eldar Høidal for å fortelje litt om sine tidsperiodar ved everket.

Eit utdrag av intervjua kan sjåast her!

Innsendte bilde

Syforeinings-damer 5

Syforeinings-damer

Syforeningsdamer Biletet av desse unge syforeinings-damene i Fosnavåg er teke kring 1920. Er det nokon som veit kven kvinna til høgre er?
Bunadsdamer 6

Bunadsdamer

Bunadsdamer Dette bilde må, vere teke ved ei spesiell anledning. Den bunadskledde dama nr 2 frå, venstre er Klara Grebstad, gift Aursnes. Dama til høgre i bildet er Josefine (Jossa) Fauske, gift Lillevik. Er det nokon som kjenner dei andre? Innsendt av Per Arne Aursnes
Bilde frå Minnesota 7

Bilde frå Minnesota

Bilde frå Minnesota Er det nokon som kjenner att denne familien? Biletet er teke i eit fotostudio i USA, i Minnesota i Midtvesten, og viser ein barnerik familile. Er dette nokre som har vandra ut frå Sykkylven? Det var Halvard Langeland som gav biletet til sogenemnda. Korkje han eller far hans, Per Langeland, kunne identifisere personane. Kan du? Innsendt av Eldar Høidal
Bilde frå Hans Strømmegjerde 8

Bilde frå Hans Strømmegjerde

Bilde nr. 1Bilde nr. 2Bilde nr. 3Bilde nr. 4Bilde nr. 5Bilde nr. 6Bilde nr. 7Bilde nr. 8Bilde nr. 9Bilde nr. 10Bilde nr. 11Bilde nr. 12Har du aktuell informasjon? Legg gjerne inn din kommentar i skjemaet nedanfor med referanse til bildenummeret.

Fotoarkiv

Populære nedlastingar

Nye slekter

Av Sverre Andestad.

Sykkylven i eldre tid

Av Ola Tandstad.

Gjennom krig til fridom

Av Jon Hole,

Utvandrarane frå Sykkylven

Av Martin Gjævenes.

Årbok for Sykkylven - 1993

Gardssoga bind 2

Presseklipp frå dei første pionerår i havbruk

Samla og redigert av Karsten Oddm. Vik.

Lokalhistorisk litteratur om Sykkylven

Av Eldar Høidal.

Ord og uttrykk i Sykkylven

Jan Grebstad (red).